Om oss

Engelsen Anlegg AS vart fisjonert ut frå W. Engelsen Ettf. as (100 år i 2012) 15.11.2005. Dette var eit strategisk grep for å dela verksemda inn i ulike segment/marknadsområde, og eksplisitt for dette selskapet å styrkja seg i konkurransen på VVA, grunn- og anleggsarbeid.

 

Engelsen Anlegg AS si kjerneverksemd er planlegging og produksjon innanfor området grunn- og anleggsarbeid. I tillegg til dette har verksemda eigen sprengingsavdeling.

 

Selskapet vert leia av John E. Skorpen. 1 2013 har selskapet omlag 25 tilsette medarbeidarar. Dei aller fleste av desse er fagarbeidarar.

 

Verksemda er medlem av EBA, og innehar sentral godkjenning i høgaste tiltaksklasse innanfor våre fagfelt.

 

Selskapet si kjernerverksemd er på Stord, men har óg noko aktivitet i heile Sunnhordlandsregionen.

Selskapet arbeider, og har til ei kvar tid fokus på HMS/KS.

 

Verksemda er ei godkjent læreverksemd i anleggsmaskinkøyrar-, veg- og anleggsfaget.

Verksemda har som målsetjing å ta inn lærlingar årleg.  

 

Verksemda har gjennom åra utført store og til dels kompliserte vegutbyggingar og kommunaltekniske arbeid i forbindelse med dette.

Blant anna vegutbygging Kyvik-Rommetveit, miljøgate Rubbestadneset, utviding av Jensanesvegen, grunnarbeid ny kranbane Kværner, og utviding for parkeringshus på AMFI Stord.